Ekstra betalingsutsettingar ut 2022
No er det vedtatt at elevar/studentar får ekstra betalingsutsettingar i heile 2022, det vil seie at dei ikkje bruker av dei 36 vanlege utsettingane. Dei ekstra utsettingane gjeld for rekningar med betalingsfrist i perioden mars 2020 til desember 2022. Viss ein elev/student har søkt, eller kjem til å søke om betalingsutsetting i dette tidsrommet, vil dei ikkje bruke av sine 36 ordinære utsettingar.
Elevar/studentar som treng betalingsutsettingar, må søke på Dine sider for å få det. Når ein utset betalinga, blir nedbetalingstida forlenga, og rentekostnadene vil auke.
Elevar/studentar som kan søke om betalingsutsetting, har fått ein e-post med informasjon om dette frå Lånekassen.