Rettleiingsvideo om korleis du rapporterer frammøte
09.08.2022
I videoen under viser vi deg korleis du rapporterer frammøte for elevar og studentar i arbeidsflata.
Før elevane eller studentane kan få utbetalt lån og stipend må lærestaden stadfeste at dei har møtt opp til undervisninga. I samband med studiestart vil mange få oppgåva «Registrere gyldig fremmøte» i arbeidsflata. I denne rettleiingsvideoen viser vi deg korleis du rapporterer frammøte - trinn for trinn.
'
Trykk på "fullskjerm" nedst i høgre videohjørne for å sjå videoen i fullformat.