Rapporterer de via FS?
Kva er rapportering av utdanningar?
I januar kvart år får nokre lærestader oppgåva «Revider opplegg for nytt år» i arbeidsflata. I denne oppgåva ber Lånekassen dykk om å gi opplysningar om kva godkjente utdanningar de skal tilby i det kommande studieåret. Opplysningane de gir, dannar grunnlaget for informasjonen kundane seinare finn i nettsøknaden sin.
Kven skal foreta årleg rapportering?
Dei aktuelle lærestadene får ei oppgåve i arbeidsflata i løpet av januar kvart år. Har du ikkje fått denne oppgåva, treng du ikkje å gjere noko. Du treng heller ikkje å rapportere via arbeidsflata, dersom lærestaden din rapporterer via Felles Studentsystem (FS).
Slik rapporterer du
Du får ei oppgåve i arbeidsflata som seier at du skal rapportere kva utdanningar lærestaden skal tilby det kommande studieåret. Du skal også opplyse om eventuelle endringar i utdanninga, til dømes:
- start- og/eller avslutningsdato
- undervisningsform
- undervisningsstad
- namn på utdanninga
- skolepengar
Du treng ikkje å sende inn opplysningar for alle utdanningane samtidig. Når alle utdanningane er sendt inn, vil oppgåva forsvinne frå oppgåvelista.