Rapportering via Felles studentsystem (FS)

Lærestader som rapporterer via Felles studentsystem (FS) må rapportere om spesielle eller avvikande forhold.

De bruker fana «Rapportering» i FS til å opplyse om spesielle eller avvikande forhold ved utdanninga/studieprogrammet.

Avvikande forhold

  • avvik i studieperioden (studieperiode)
  • skolepengar ved studieprogrammet (skolepengar)
  • andre spesielle forhold ved studieprogrammet, for eksempel skeiv fordeling av studiepoeng mellom studieåra (merknad)

Det er viktig at de fyller ut felta om ovannemnde forhold kvart år. For studieprogram som skal starte kommande studieår, må de registrere opplysningane seinast 31. mars.

Dersom Lånekassen ikkje får opplysningar om avvikande forhold, kan det få store konsekvensar for studentane. Dei kan for eksempel få avslag på søknad om lån og stipend, eller ikkje få utbetalt lån til skolepengar.

Ved avvikande forhold må de fylle ut desse felta i FS:

Studieperiode

I felta for studieperiode skal de oppgi start- og sluttdato (inkludert eksamen) for alle studieprogram som avviker frå ordinært studieår (august til juni). De skal ikkje oppgi datoar for studieprogram som startar i august og varer til juni .

Skolepengar

De må oppgi beløpet per semester for alle studieprogram som lærestaden tar skolepenger for. De skal oppgi beløpet i formatet xxxxx,xx. I same felt skal de også bekrefte at lærestaden har heimel til å krevje skolepengar etter forskrift om eigenbetaling ved universitet og høgskolar.

Merknad

I dette feltet skal de legge inn opplysningar om spesielle forhold ved studieprogrammet. Dette gjeld både for nye og eksisterande studieprogram.

De må opplyse om desse forholda:

  • samarbeid med ein annan lærestad om eit studieprogram (joint degree)
  • studieprogram med ulikt tal studiepoeng i studieåra
  • nettbasert undervisning med og utan samlingar
  • om studieprogrammet blir tilbydt ved ein filial
  • om studieprogrammet er etatsopplæring eller bedriftsintern opplæring
  • opplysningar om akkreditering av studieprogrammet når lærestaden må søke spesielt om dette
  • studieprogram som de sjølv ikkje har fullmakt til å opprette, og som ikkje er godkjende av NOKUT
  • Legg inn ei kort beskriving av studieprogram som ikkje har noko fast innhald.

Vi gjer oppmerksam på at etatsopplæring og bedriftsintern opplæring ikkje gir rett til lån og stipend i Lånekassen. Sjå § 5, bokstav b i forskrift om godkjenning av utdanningsstøtte i Norge.