Desse utdanningane gir ikkje rett til lån og stipend i Lånekassen
- utdanning i forsvaret
- etatsopplæring eller bedriftsintern opplæring
- opplæring som blir sett i gang av, eller i samråd med, Arbeids- og velferdsetaten (Nav). Unntak: Eleven kan ha rett til lån og stipend i periodar kor opplæringa er lagt opp utan livsoppholdsytingar frå Nav
- norskopplæring når opplæringa ikkje skjer i kombinasjon med annan godkjent utdanning
- ph.d.-utdanning
Søk godkjenning av utdanning for utdanningsstøtte
Lærestader som ønsker å tilby nye utdanningar må søke om å få utdanningar godkjent for utdanningsstøtte i Lånekassen.
Dette gjeld også utdanningar som er godkjende etter ei utdanningslov, sidan slik godkjenning ikkje automatisk gir rett til lån og stipend.
Lånekassen kan ikkje tildele lån og stipend til elevar/studentar ved utdanningar som ikkje er godkjende for utdanningsstøtte i Lånekassen.
Kva slags opplysningar vi treng i søknaden, er avhengig av type utdanning og lovgodkjenning.