Klargjere søknader - videregåande for vaksne

Å klargjere søknader er å supplere Lånekassen med informasjon.

Klargjere vaksenopplæringssøknader

Utdanningar som er sett i gang i regi av NAV

Opplæring som blir sett i gang av, eller i samråd med, Arbeids- og velferdsetaten (Nav), gir ikkje rett til utdanningsstøtte i Lånekassen.

Unntak:
Om opplæringa er lagd opp slik at elevane i periodar ikkje har rett til ytingar til livsopphald frå Nav, kan dei ha rett til lån og stipend frå Lånekassen.

Om eleven ikkje har rett til lån og stipend i Lånekassen, må de avvise søknaden i arbeidsflata og velje årsaka «Søkeren tar en utdanning som ikke er støtteberettiget av Lånekassen».

Generelt om klargjering av søknader for vaksne elevar

De må klargjere søknadane for alle elevar som tar vidaregåande opplæring for vaksne. Ver spesielt oppmerksam på enkelte felt, nærmare beskrivne nedanfor.

Oppgi start- og sluttdato for heile den teoretiske utdanninga

For å berekne riktig lån og stipend, må Lånekassen vite når heile den teoretiske utdanninga startar og sluttar, sjølv om perioden strekk seg over fleire studieår. Det er ikkje tilstrekkeleg å gi opplysningar om inneverande år dersom eleven tar opplæring over fleire år.

Eksempel: Dersom eleven for eksempel startar på ei toårig utdanning i august 2021, og planlegg å avslutte i juni 2023, skal startdato vere i august 2021, og sluttdato vere i juni 2023. Dersom eleven endrar planer undervegs, er det viktig at de melder om endringar i sluttdato, og/eller fag. Fagopplæring i skole og opplæring i bedrift er praktisk utdanning, og skal ikkje tas med i klargjering av søknaden.


Oppgi elevens avsluttande nivå

Det er viktig at de oppgir kva nivå eleven planlegg å avslutte den teoretiske delen av utdanninga si på (Vg1, Vg2 eller Vg3).
Dersom eleven skal ta gjennomgåande fag, må du oppgi høgaste nivå for faget. Eksempel: dersom eleven tar norsk studiespesialisering, må du velje avsluttande nivå Vg3.


Norsk for elever som tar studiespesialisering

For å ha rett til lån og stipend til norskfaget, må eleven ta norsk på Vg1, Vg2 og Vg3. Når de klargjer søknaden i arbeidsflata må de: 

  • Oppgi at eleven sitt avsluttande nivå er Vg3.
  • hake av «Norsk» på Vg1, Vg2 og Vg3

Meld frå om endringar så raskt som mogleg

Endringar i opplæringa kan få konsekvensar for søkaren sin rett til lån og stipend og for omgjering av lån til stipend. Derfor må de melde frå om endringar så raskt som mogleg. De må melde frå dersom søkaren:

  • endrar start- og sluttdato
  • trekk seg frå fag
  • melder seg på nye/fleire fag
  • får fag godkjent som realkompetanse
  • får fritak for fag

For å melde frå om endringar, søker de opp eleven i det grøne feltet på forsida av arbeidsflata, og vel «Endre studiebelastning».

Lån og stipend til kroppsøving for elevar med vaksenrett

Elevar med vaksenrett kan få lån og stipend til kroppsøving, sjølv om dei har fritak frå dette faget.

Vaksne elevar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringsloven § 4A-3 (vaksenrett), kan få lån og stipend til kroppsøving sjølv om dei har fritak frå opplæring i faget etter forskrift til opplæringsloven § 1-13. 

Det er fylkeskommunane som avgjer om ein elev har rett etter opplæringsloven § 4A-3 (vaksenrett). Det er berre elevar med vaksenrett som har rett til lån og stipend til kroppsøving sjølv om dei har fritak. 

Vaksne som er tatt inn til vidaregåande opplæring med vaksenrett

Vaksne som er tatt inn til vidaregåande opplæring med vaksenrett, skal du markere Ja for i feltet Vaksenrett når du klargjer søknader i arbeidsflata.

  • Elevar kan ha vaksenrett frå og med året dei fyller 25 år.
  • Vaksenrett gjeld for dei som har fullført grunnskolen eller tilsvarande i Noreg, eller eit anna land, men ikkje fullført vidaregåande opplæring. 
  • Vaksenrett gjeld også for dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men som ikkje får godkjent denne opplæringa i Noreg.

Her kan du lese meir om vaksenrett.

Vaksne som er tatt inn til vidaregåande opplæring utan lovfesta rett  

Vaksne som fylkeskommunen har tatt inn til vidaregåande opplæring utan at dei har lovfesta rett til dette, skal du IKKJE bekrefte vaksenrett for når du klargjer søknader i arbeidsflata. Dette kan vere vaksne søkarar utan rett som har fullført, men ikkje bestått vidaregåande opplæring, og søkarar utan rett som har studie- eller yrkeskompetanse.

Skal eg oppgi kroppsøving når eg fyller inn fag og timar?

Lånekassen bereknar automatisk lån og stipend for kroppsøving til elevar med vaksenrett. Det betyr at du ikkje skal legge til kroppsøving som fag når du klargjer søknaden for ein elev som har fritak for kroppsøving. 

Dersom eleven tar faget kroppsøving, skal du legge til faget og årstimar når du klargjer saka.

Få tilgang til arbeidsflata
Korleis få tilgang til arbeidsflata for lærestadene?
Klargjere søknader
Supplere informasjon til eleven sin søknad slik at Lånekassen kan behandle den.
Ny i Noreg
Rettleie innvandrarar og personar utan norsk statsborgarskap.