Korleis få tilgang til arbeidsflata for lærestadane

Arbeidsflata for lærestadane er ein sikker kanal for rapportering og informasjonsutveksling mellom lærestadane og Lånekassen.

Korleis får eg tilgang til arbeidsflata?

Alle lærestader med utdanningar som er godkjende for utdanningsstøtte i Lånekassen, har ein administrator i arbeidsflaten. Administratoren er ansvarleg for kven som har tilgang til arbeidsflata for lærestaden. Dersom du manglar tilgang, kan administratoren ved din lærestad hjelpe deg med dette.

Ønsker de å byte administrator?

Dersom nokon på lærestaden har tilgang til arbeidsflata og de ønsker å byte administrator, kan de bruke skjemaet «Byte administrator». Dette skjemaet finn de på arbeidsflata. Har ingen hos lærestaden din tilgang, kan de sende oss ein e-post

Slik loggar du på arbeidsflata for første gong

Når du er registrert som brukar av arbeidsflata, får du ein e-post med lenke som du bruker for å lage passord.

  • Klikk på lenka i mottatt e-post.
  • Du vil så få ein verifikasjonskode på SMS, som du fyller inn i feltet «Verifikasjonskode».
  • Lag nytt passord.
  • Klikk på «Send», og du er logga inn.
Logg inn i arbeidsflata

Ny lærestad?

Dersom lærestaden din ikkje har brukar i Arbeidsflata for lærestadene, må de sende inn skjema til Lånekassen for å få tilgang.

Lenke: Les meir om korleis de får tilgang