Rapportere frammøte

Her finn du informasjon om korleis du rapporterer frammøte.

Manglar eleven eller studenten utbetaling?

Det er tre kriterium som må vere oppfylte før eleven, eller studenten kan få utbetalt pengane sine:
  • lærestaden må rapportere frammøte
  • eleven eller studenten må signere avtalen om lån og stipend
  • eleven eller studenten må registrere gyldig kontonummer på Dine sider

Lærestaden må rapportere frammøte

Lærestaden må rapportere frammøte før eleven, eller studenten kan få utbetalt lån og stipend frå Lånekassen.

Lærestader som ikkje rapporterer frammøte til Lånekassen via eige studieadministrativt system, mottek oppgåva «Registrere gyldig frammøte» i arbeidsflata.

Eleven eller studenten må ha opptak ved lærestaden, og rett til å gå opp til eksamen, før lærestaden kan rapportere frammøte.

Kva er forskjellen mellom å rapportere frammøte og klargjere søknader?

Oppgåvene «Registrere gyldig frammøte» og «Klargjøring av lån- og stipendsøknader», kan vere tilgjengeleg i oppgåvelista i arbeidsflata samtidig.

Du får oppgåva «Klargjøring av lån- og stipendsøknader» når Lånekassen treng opplysningar om eleven i forbindelse med søknad om lån og stipend. Du må utføre denne oppgåva før Lånekassen kan behandle søknaden.

Når søknaden er ferdigbehandla hos Lånekassen, får lærestaden oppgåva «Registrere gyldig frammøte». Du må utføre denne oppgåva før Lånekassen kan utbetale lån og stipend til eleven/studenten.

Er du usikker på om eleven eller studenten har møtt til undervisning?

Dersom du er usikker på om eleven eller studenten har møtt til undervisninga, kan du vente ei stund før du melder «Ikke møtt». Du treng ikkje rapportere frammøte for alle på lista samtidig.

Rapporter frammøte i arbeidsflata

Klargjer søknader i arbeidsflata

Du må gi, eller bekrefte opplysningar i einkelte søknadar før Lånekassen kan behandle dei. Dette kallar vi å klargjere ein søknad.

Ved enkelte lærestader blir alle søknadene sende til arbeidsflata for klargjering, og ved andre lærestader blir berre enkelte søknader sende til arbeidsflata.

Ofte stilte spørsmål

Her finn du ofte stilte spørsmål om rapportering av frammøte i arbeidsflata.

Viss du har rapportert «møtt» ved ein feil, må du ta kontakt med Lånekassen.

Viss du har rapportert «ikkje møtt» ved ein feil må du gjere følgande (gjeld for vårsemesteret):

  • Før 16. januar: Ta kontakt med Lånekassen. Dersom du rapporterer frammøte før 16. januar utan å bruke oppgåvelista, registrerer Lånekassen dette som frammøte for haustsemesteret.
  • Etter 15. januar: Du rettar opp feilen ved å søke opp eleven/studenten i arbeidsflata, og klikkar på «møtt».

Dersom eleven møter til undervisning no, skal du rapportere «møtt» via oppgåvelista på vanleg måte.

Det er opp til skolen å vurdere kva de anser som «oppstart/frammøte» ved nettundervisning.

Gjeld ordinær vidaregåande utdanning:

Dersom eleven har møtt til undervisning, melder du «møtt» sjølv om eleven står oppført på feil trinn eller programområde. Fører dette til at eleven får utbetalt feil sats for utstyrsstipend, kan eleven søke lån og stipend på nytt.

Spørsmål om lista med møtt-oppgaver

Her finn du ofte stilte spørsmål om lista med møtt-oppgåver i arbeidsflata.

Du kan både sortere og søke i lista. Ved å klikke på dei små pilane øvst i lista kan du for eksempel sortere på namn, eller klasse/utdanning. Du kan også søke opp elevar/studentar i søkefeltet øvst i lista.

Dersom ein elev/student har sendt fleire søknader til Lånekassen, kan du få éin møtt-oppgåve per søknad. Du skal rapportere «møtt» kvar gong eleven/studenten sitt namn dukkar opp i lista, så lenge eleven/studenten har møtt til undervisning.

jeld for ordinær vidaregåande utdanning:

Dersom eleven har møtt til undervisning, rapporterer du «møtt» på vanleg måte. Dette kan du gjere sjølv om eleven går på eit anna programområde enn det som står i møtt-lista.

Elevar som har bytta til eit programområde med høgare utstyrsstipend, må sende inn ein ny søknad for å få utbetalt mellomlegget.

Elevar som har bytta til eit programområde med lågare utstyrsstipend, får behalde stipendet dei har fått tildelt.

Når de melder møtt, er stipendet allereie tildelt, men ikkje utbetalt. «Møtt» er eit utbetalingskriterium.

Det er berre elevar/studentar som har fått innvilga lån og stipend for det aktuelle semesteret, som står i lista på arbeidsflata.

Elevar i vidaregåande skole som berre har fått utstyrsstipend, får heile beløpet utbetalt i haustsemesteret. Desse elevane står derfor ikkje i lista for vårsemesteret.

I møtt-oppgåva er lengda på semestera normalt oppgitt slik:

  • 16.08 til 15.01 for haustsemesteret
  • 16.01 til 15.06 for vårsemesteret

Rapportering om elevar/studentar som har avbrote utdanninga i løpet av haustsemesteret, fører ikkje automatisk til at møtt-oppgåva for vårsemesteret forsvinn frå arbeidsflata. Du må derfor i enkelte tilfelle likevel rapportere «ikkje møtt» for ein elev/student i vårsemesteret, sjølv om du har sendt avbrotsmelding i løpet av hausten.

Kor lenge varer eitt semester?

Du rapporterer «møtt» via oppgåvelista i arbeidsflata. Viss semesteret dykkar startar tidlegare (før 16.08 eller 16.01), og eleven eller studenten har møtt til undervisning i det nye semesteret, kan du bekrefte "møtt" på eit tidlegere tidspunkt.

I møtt-oppgåva er lengda på semestera normalt oppgitt slik:
  • 16.08 til 15.01 for haustsemesteret
  • 16.01 til 15.06 for vårsemesteret

Slik er prosessen når eleven eller studenten søker om lån og stipend

Eleven fyller ut søknad om lån og stipend på lanekassen.no, og sender denne inn til Lånekassen.

Viss Lånekassen treng fleire opplysningar, eller må få bekrefta at opplysningane som eleven eller studenten har oppgitt i søknaden er korrekte, blir søknaden sendt til arbeidsflata.

Lærestaden må opne søknaden og sjekke at opplysningane som eleven eller studenten har oppgitt stemmer, og eventuelt legge til andre opplysningar.

Etter at Lånekassen har behandla ferdig søknaden til eleven eller studenten, og vedkommande har fått innvilga lån og stipend, får lærestadene ei ny oppgåve i arbeidsflata: «Registrere gyldig frammøte».

 

For at eleven eller studenten skal få utbetalt lån og stipend, må Lånekassen få bekrefta at vedkommande har møtt til undervisning. Når lærestaden har bekrefta at eleven/studenten har møtt til undervisning, kan Lånekassen betale ut lån og stipend.

Kva skal eg rapportere?
Oversikt over lærestadenes rapporteringsoppgåver
Få tilgang til arbeidsflata
Korleis få tilgang til arbeidsflata for lærestadene?