Gjeld berre elevar utan ungdomsrett
Endring av studiebelastning rapporterer du i arbeidsflata for lærestadene.
Lærestadene må melde frå om endringar
Dette gjeld elevar i vidaregåande opplæring som ikkje har ungdomsrett, og studentar i fagskoleutdanning.
Viss eleven begynner, eller sluttar i eitt eller fleire fag undervegs i studieåret, må du melde inn endra studiebelastning for denne eleven. Dette gjer du i Arbeidsflata for lærestadene. Under fana «rapportering» på arbeidsflata kan du lese meir om korleis du rapporterer endringar i studiebelastninga.
Viss lærestaden ikkje gir melding om endra studiebelastning kan det føre til at elevar utan ungdomsrett mottek for mykje lån og stipend. Konsekvensen av dette kan bli at eleven feilaktig blir registrert som forsinka i utdanninga. Eleven kan også få meir lån enn forventa.
Situasjonar der du må melde inn endra studiebelastning kan vere når:
- eleven vel å ta fleire, eller færre fag enn planlagt
- eleven endrar start- eller sluttdato (dette gjeld elevar med individuell start- og sluttdato)
Ikkje meld inn endringar for elevar med ungdomsrett
Elevar med ungdomsrett som tek vidaregåande opplæring i Noreg, får ikkje redusert lån og stipend frå Lånekassen sjølv om dei tek utdanning på deltid.Viss ein elev med ungdomsrett begynner eller sluttar i eitt eller fleire fag undervegs i studieåret, skal de ikkje melde inn endra studiebelastning for denne eleven.
Elevar i grunnskoleopplæring
Elevar som får grunnskoleopplæring etter opplæringsloven § 4A-1 første ledd, får lån og stipend ut frå kor mange undervisningstimar dei tek.
Viss det er endring i talet på undervisningstimar under 20 timar, må du melde frå om dette til Lånekassen. Alt over 20 undervisningstimar blir rekna som fulltid, det er derfor ikkje nødvendig å melde frå om endringar i talet på undervisningstimar over 20 timar.