Hugs dette når du rettleier:
- Berre elevar i grunnskoleopplæring og vidaregåande skole med ungdomsrett har rett til inntektsavhengig stipend
- Elevar i grunnskoleopplæring og vidaregåande skole med ungdomsrett får inntektsavhengig stipend i inntil 10 månader per år
Inntektsavhengig stipend
Foreldre har forsørgarplikt for elevar i grunnskole og vidaregåande opplæring med ungdomsrett, sjølv om dei er over 18 år. Dersom foreldra har så svak økonomi at det kan gå ut over eleven sin moglegheit for å fullføre skolen, kan eleven få inntektsavhengig stipend.
Eleven søker om stipendet i den vanlege søknaden om lån og stipend. Der vel han om han ønsker å søke om inntektsavhengig stipend.
Inntektsavhengig stipend er inndelt i tre ulike satsar:
For studieåret 2023-2024 er følgande satsar gjeldande:
- 1244 kroner
- 2488 kroner
- 3733 kroner
Søknadsfristen for å søke inntektsavhengig stipend er:
- 15. november (haustsemesteret)
- 15. mars (vårsemesteret)
Stipendet er behovsprøvd
Stipendet blir behovsprøvd mot foreldra si inntekt. Det betyr at det er kor mykje foreldra tener til saman som avgjer om eleven har rett til stipendet. I behovsprøvinga av inntektsavhengig stipend, vurderer Lånekassen følgande:
- Om foreldra til eleven bur saman
- Har foreldra til eleven ny partnar
- Inntekta til begge foreldra
- Kor mange søsken eleven har
- Om eleven har eigne trygdeytingar
Dersom eleven har gløymt å søke om inntektsavhengig stipend
Eleven kan be om å få vurdert om han har rett til inntektsavhengig stipend heilt til studieåret/perioden for stipend og lån er over. Dette gjeld om eleven har sendt inn søknad om stipend og lån innan den ordinære fristen.