Utbetalingsplan til elevar som går på folkehøgskole

Her får du oversikt over kva ein folkehøgskoleelev får utbetalt frå Lånekassen. Satsane gjeld for studieåret 2022-2023.

Elevar ved folkehøgskolar får basislån i inntil ti månedar. For studieåret 2022-2023 kan elevane låne inntil 117 170 kroner for heile studieåret. 40 prosent av lånet kan bli omgjort til stipend. Elevane får ikkje lån til skolepengar. 

Nedanfor finn du oversikt over kva elevane får utbetalt frå Lånekassen. Dette er også informasjon som elevane finn på Dine sider. 

Utbetaling for høstsemesteret 2022

15. august  23 434 kroner 
15. september  8 788 kroner
15. oktober 8 788 kroner
15. november  8 788 kroner 
15. desember  8 788 kroner 

Utbetaling for vårsemesteret 2023 

15. januar  23 434 kroner 
15. februar  8 788 kroner 
15. mars  8 788 kroner 
15. april  8 788 kroner 
15. mai  8 788 kroner

Lån og stipend til elevar som går på folkehøgskole

Elevane kan ikkje søke før dei har fått skoleplass, og dei kan tidlegast søke frå midten av mai.
Siste frist for å søke er:

- 15. november for heile året eller berre haustsemesteret

- 15. mars for vårsemesteret