Ny i Noreg

Støtte til veiledning av flyktningar, innvandrarar eller andre elevar utan norsk statsborgarskap.

Ny i Noreg

Situasjonar som kan påverke søknaden

Utdjupande informasjon om hjelp til å søke og få pengane for elevar og studentar i spesielle situasjonar

Elevar som er under 18 år og som ikkje har foreldre i Noreg, må ha ei verje til å signere avtalen om støtte for seg. Er eleven over 18 år, signerer han/ho avtalen sjølv.

Elevar med ungdomsrett som ikkje har foreldre har rett til fullt inntektsavhengig stipend og bortebuarstipend, så lenge dei ikkje bur på institusjon eller på annan måte har dekning til livsopphald frå det offentlege.

Elevar som bur på institusjon og får livsopphald dekka av det offentlege, har ikkje rett til lån og stipend frå Lånekassen. Det er unntak for elevar i grunnskole eller vidaregåande opplæring med ungdomsrett. Dei kan få utstyrsstipend dersom nødvendig utstyr ikkje blir dekka av det offentlege.

Informasjon på fleire språk

Her finn du informasjon på arabisk, farsi, tigrinja, fransk, spansk, somali og engelsk. Dette er generell informasjon om stipend og lån frå Lånekassen, retta mot nykomne til Noreg. Her finn du også informasjon om flyktningstipend på fleire språk.

Video om flyktningstipend frå Lånekassen

Hjelp elevar med å søke og få pengar
Bistå elevar når dei skal søke om lån og stipend

Aktuelt regelverk