Utveksling på videregåande

Informasjon til lærestader som har elevar som vurderer eller er på utveksling i andre land.

Skolepengar til vidaregåande i andre land

Elevar som skal betale skolepengar kan søke om delvis dekning av dette. Skolen i Noreg må bekrefte dette med stempel og signatur på søknaden som eleven sender til Lånekassen.

Utveksling på vidaregåande

Elevar i vidaregåande skole som reiser på utveksling kan få stipend og lån frå Lånekassen, men det er nokre krav til utdanninga.

Kva typar utdanningar er godkjente for stipend og lån frå Lånekassen?

Lånekassen gir stipend og lån til elevar som tar utveksling på vidaregåande, dersom dei er tatt opp i ein av desse to ordningane:

  • samarbeidsprogram mellom norsk vidaregåande skole og utanlandsk skole som er godkjent av Diku.
  • utveksling gjennom ein organisasjon som varer i 1 år, og som erstattar Vg2. Utvekslingsorganisasjonen som tilbyr utvekslingsprogrammet skal vere godkjent av Diku.

Utvekslingsopphald som er kortare enn eitt skoleår gir rett til stipend og lån berre om det er via skolen eller Erasmus+.

Kva må skolen passe på?

For at eleven skal få stipend og lån frå Lånekassen er det enkelte ting skolen må sørge for at er på plass.

Samarbeidsprogram gjennom skolen

Utvekslingsprogrammet må vere registrert i utdanningsoversikten i arbeidsflata for lærestadene. Dette er viktig for at eleven skal finne det i søknaden når han søker om stipend og lån frå Lånekassen.
Når eleven har søkt stipend og lån til eit utvekslingsprogram, vil søknaden dukke opp i arbeidsflata, slik at de kan bekrefte at eleven har vald rett.

Utveksling gjennom organisasjonar

Skal eleven reise med en utvekslingsorganisasjon, må de hjelpe eleven å velje ein organisasjon som er godkjent for stipend og lån.

Godkjente utvekslingsorganisasjonar (VGS)

Elevar som reiser på utveksling via ein organisasjon, må søke skolen sin om førehandsgodkjenning av studieåret i utlandet, som dei legg ved søknaden til Lånekassen.


Førehandsgodkjenninga skal bekrefte at studieåret i utlandet vil kunne erstatte Vg2 i Noreg.

Det må komme tydeleg fram at eleven vil kunne fullføre Vg3 i Noreg innanfor normert tid, sjølv om han tar det aktuelle utvekslingsopphaldet i utlandet.

Dersom utvekslinga går føre seg i eit land der studieåret følger kalenderåret, og det er vanskeleg å tilpasse dette til det norske studieåret, kan Lånekassen likevel vurdere å godta tidsbruk utover normert tid

Aktuelle satsar

Elevar på utveksling får som regel meir stipend frå Lånekassen enn elevar i Noreg.

Elevar som er på utveksling utan foreldra kan få desse ytingane frå Lånekassen:

Navn på ytelse Maks stipend per studieår Maks lån per studieår
Utstyrsstipend Mellom 1 071 og 4 412 kroner  
Bortebuarstipend 46 030 kroner (4 603 per måned)  
Reisetilskot Europa 1 798 kroner 3 323 kroner
Reisetilskot Nord- og Mellom-Amerika 6 671 kroner 12 389 kroner
Reisetilskot Oseania 9 733 kroner 18 075 kroner
Reisetilskot Sør-Amerika 8 541 kroner 15 863 kroner
Reisetilskot Asia 6 139 kroner 11 401 kroner
Reisetilskot Afrika  7 349 kroner 13 863 kroner

Elevar på utveksling har også rett på andre stipend etter same regelverk som elevar i Noreg.

Hjelp eleven å berekne kor mykje han kan få

På kundesidene finn du oversikt over kva elevar på utveksling kan få i stipend og lån:
Hjelp elevar med å søke og få pengar
Bistå elevar når dei skal søke om lån og stipend

Aktuelt regelverk