Fødsel og barn

Elevar og studentar som har barn kan få ekstra stipend og lån frå Lånekassen, og foreldrestipend i perioden etter fødselen.

Barnestipend og tilleggslån

Har eleven eller studenten din barn under 16 år når ho tar utdanning, kan ho få eit barnestipend. Eleven eller studenten din kan også få tilleggslån.

Kva er foreldrestipend?

Foreldrestipend er eit stipend for studentar og elevar som får barn ved fødsel eller adopsjon.

Foreldrestipendet kan seiast å tilsvare foreldrepengar for elevar og studentar. Det inneber at stipend og lån som eleven eller studenten har rett til, blir gjort om til eit eige foreldrestipend.

Elevar og studentar som får foreldrestipend får utbetalt stipend og lån frå Lånekassen sjølv om dei har permisjon frå utdanninga. Dersom dei sluttar på skolen, mister dei pengane.

Kor mykje kan eleven eller studenten min få i foreldrestipend?

Eleven eller studenten din får ikkje utbetalt meir pengar enn før, men han kan få lån han tidlegare har fått, omgjort til stipend. Tilleggslån og/eller skolepengelån til nettstudium i utlandet, blir ikkje omgjort.

Foreldrestipendet blir berekna ut ifrå studiebelastninga (kor mange studiepoeng ein tar) dei fire siste månadane før fødselen.

Vidaregåande skole eller lærling

Lærlinglønn og/eller støtte frå andre kan redusere foreldrestipendet for vidaregåande-elevar. Får eleven din overgangsstønad vil dette redusere størrelsen på foreldrestipendet.
Elevar i vanleg vidaregåande skole eller grunnskole med ungdomsrett reknast alltid for å vere i utdanning på fulltid.

 

Lærestaden sitt ansvar ved svangerskapspermisjon

Her finn du informasjon om kva du skal gjere dersom du har ein elev eller student som er i permisjon, eller skal i permisjon i løpet av studieåret.

Lærestaden må dokumentere perioden eleven eller studenten skal ha permisjon. Eleven eller studenten legg ved denne dokumentasjonen når ho søker om foreldrestipend.

Elevar eller studentar som skal ut i permisjon i løpet av studieåret

  •  Dersom eleven eller studenten skal starte på skolen om hausten/våren, må du klargjere søknaden som vanleg.
  • Meld møtt når eleven eller studenten har møtt fram og/eller starta undervisninga.
  • Når eleven eller studenten går ut i permisjon: meld avbrot for eleven. Oppgi årsak “svangerskap/fødsel”.

Elevar eller studentar som er i permisjon ved semesterstart

  • Dersom eleven eller studenten ikkje skal gå på skolen i haust/vår skal han likevel søke om stipend og lån.
  • Du skal i dette tilfellet avvise søknaden, og oppgi årsak: “søkaren har permisjon frå utdanninga”.
  • Eleven eller studenten må sende inn søknad om foreldrestipend ved fødsel og adopsjon for heile foreldrestipendperioden. Eleven eller studenten må fylle ut søknadsskjema og sende dette i posten til Lånekassen.
  • Dersom eleven eller studenten ikkje har sendt inn søknad om foreldrestipend ved fødsel og adopsjon vil Lånekassen gi avslag på stipend og lån, inntil skjemaet og nødvendig dokumentasjon kjem inn.

Kva ordningar har Lånekassen for elevar og studentar med barn?

Lånekassen har ulike ordningar for elevar og studentar med barn.

Barnestipend og tilleggslån

Elevar og studentar med barn kan få eit ekstra barnestipend på inntil 1 790 i månaden per barn. Barnestipendet er behovsprøvd mot både eiga inntekt og inntekta til eventuell ektefelle/sambuar, og trygdeytingar.


Elevar og studentar over 18 år kan få tilleggslån. Dette lånet blir ikkje behovsprøvd og kan ikkje bli gjort om til stipend.


Korleis søker eleven min om desse ordningane?

Eleven eller studenten søker om barnestipend og tilleggslån i den vanlege søknaden om stipend og lån. Får ho barn i løpet av skoleåret, kan ho sende inn ein ny søknad. Lånekassen bereknar kor mykje eleven kan få.


Spesielt for elevar med ungdomsrett

Elevar med ungdomsrett får fullt bortebuarstipend og inntektsavhengig stipend når dei får barn. Lærlinglønn og trygdeinntekter kan føre til at stipendet blir redusert.

Les meir om dei ulike ordningane

På kundesidene kan du lese meir om Lånekassen sine ordningar for elevar og studentar som har eller ventar barn.
Hjelp elevar med å søke og få pengar
Bistå elevar når dei skal søke om lån og stipend
Melde avbrot eller endring
Melde frå om eleven avbryt utdanninga eller endrar studiebelastning.